Arkivforskrifta § 12 – Kva dokumentasjonsplanen skal innehalde
opplysningar om eventuelle tenesteavtaler om arkiv som organet har inngått med andre organ eller private rettssubjekt vurderingane som ligg til grunn for avgjerda om kva dokumentasjon organet skal forvalte som arkiv, jf. § 1 opplysningar om kva delar av organet sin dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida etter forskrift fastsett av Nasjonalarkivet med heimel i arkivlova § 12 andre ledd andre punktum opplysningar om oppbevaringstid for dokumentasjon som det ikkje er krav om at skal takast vare på for ettertida, jf. § 3 opplysningar om reglar om teieplikt og informasjonstryggleik for dei ulike delane av dokumentasjonen opplysningar om eventuelle avtaler som er inngått etter § 8 om ansvaret for dokumentasjon i system for felles oppgåveløysing opplysningar om kva informasjonssystem organet nyttar til å lagre dokumentasjon som skal forvaltast som arkiv, og om systema oppfyller krava til informasjonssystem i § 5 organet sine skildringar av informasjonssystem, jf. § 6 organet sine rutinar for retting av feil i registrerte opplysningar, jf. § 11 organet sine rutinar for avlevering eller overføring av arkiv til langtidsbevaring organet sine rutinar for å kontrollere at dokumentasjon blir konvertert på rett måte opplysningar om kva avslutta analoge arkiv som er konverterte etter kapittel 3 oversikter som er utarbeidde etter § 49 når ansvaret for dokumentasjon er blitt flytta mellom organ i samband med omorganisering av offentleg sektor oversikt over korleis eventuelle analoge arkiv er ordna opplysningar om kva som er avtalt med andre som løyser lovpålagde oppgåver på vegner av organet om korleis pliktene etter lova skal følgjast opp, jf. arkivlova § 7 første ledd, og kva som skal gjelde for dokumentasjon som organet har plikt til å ta imot etter arkivlova § 7 andre ledd.