Arkivforskrifta § 10 – Krav til sikring av lagringsmedium for arkiv
vatn og fukt brann, spreiing av brann og skadeleg varme skadeleg klima- og miljøpåverknad som mugg, skadedyr og liknande skadeverk, innbrot og ikkje-autorisert tilgang.
Lysnivå, temperaturar og verdiar for luftfukt i lokalet skal vere såleis tilpassa at lagringsmedium og dokumentasjon held seg best mogleg. Lokalet skal ikkje ha vindauge dersom det kan setje tryggleiken til arkiva i fare. Lokalet skal vere særleg utrusta for å hindre at brann oppstår og spreier seg der inne, og for å hindre at brann på utsida spreier seg til lokalet. Arkiva skal plasserast på reolar, minimum 10 cm frå golv og yttervegg. Golv og reolar skal vere laga for å tole vekta av arkiva. Lokalet skal ha fast tilsyn og reinhald.