(1) Årsmøtet kan vedta å endre vedtektene med to tredelar av dei røystene som er gitt. Vedtektene kan setje strengare vedtakskrav.(2) Vedtektsendringar som inneber- vesentlege endringar av formålsføresegna,
- meir tyngjande heftereglar for medlemmane,
- skjerping i plikta til å gjere innskot i foretaket,
- innføring av omsetningsplikt med foretaket eller vesentleg skjerping av slik plikt, eller
- avgrensingar i retten til å tre ut,
krev tilslutning frå minst fire femdelar av dei røystene som er gitt.
(3) Blir det gjort vedtektsendringar som nemnt i andre ledd, kan ein medlem som har røysta imot, tre ut av foretaket etter reglane i § 24 første ledd, om melding om det blir gitt seinast ein månad etter vedtaket. Første punktum gjeld ikkje for medlemmar som har vore representerte ved utsendingar.