Samvirkelova § 33 – Kreditt og trygdgiving til medlemmar o.a.
kreditt på vanlege vilkår i samband med forretningsavtalar og omsetning med medlemmane, kreditt eller trygd frå eit sekundærsamvirke til fordel for medlemsforetaka, kreditt eller trygd til fordel for tilsette i hovudstilling i foretaket, dersom kreditten eller trygda er i samsvar med det som er vanleg ved finansiell støtte til tilsette.
den tilsette er valt som representant for dei tilsette i styret etter reglane i lova her eller i vedtektene, og skyldnaren er tilsett i hovudstilling i foretaket eller i eit anna foretak i same konsern eller i same føderative samvirke, og kreditten blir ytt i samsvar med det som er vanleg ved finansiell støtte til tilsette.