Samvirkelova § 141 – Oppløysing etter orskurd frå tingretten
når foretaket skal løysast opp som følgje av føresegner i lov eller vedtekter, når foretaket ikkje har meldt til Foretaksregisteret eit styre som fyller dei vilkåra som følgjer av føresegnene gitt i eller i medhald av lov, når foretaket etter lova skal ha dagleg leiar, og ikkje har meldt til Foretaksregisteret ein dagleg leiar som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov, når foretaket er revisjonspliktig etter revisorlova og ikkje har meldt til Foretaksregisteret ein revisor som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov, når årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding som foretaket skal sende til Rekneskapsregisteret etter rekneskapslova § 8-2, ikkje er innsende innan seks månader etter fristen for slik innsending, eller når Rekneskapsregisteret når fristen er ute, ikkje kan godkjenne det innsende materialet som årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding.