Privatskoleforskrifta § 6-30 – Talet på eksamenar på studieførebuande utdanningsprogram
På programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi skal elevane normalt trekkjast ut til to skriftlege eksamenar og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen. På utdanningsprogram for musikk, dans og drama skal elevane trekkjast ut til to eksamenar, og éin munnleg-praktisk eksamen innanfor sitt eige programområde. På andre studieførebuande utdanningsprogram og programområde skal elevane trekkjast ut til tre eksamenar. Minst éin av desse skal vere i eit fag frå deira eige programområde.