Privatskoleforskrifta § 6-21 – Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon. Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn. Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring. Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.