Privatskoleforskrifta § 4-9 – Opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg
Elevane har særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5. Elevane har ikkje hatt meir enn fire års opplæring frå og med femte trinn i norsk grunnskole før dei byrjar i vidaregåande opplæring. Skolen følgjer læreplanar i norsk i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller har godkjenning for å kunne tilby opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg.