Når det vert hausta med fartøy som ikkje er merkeregistrerte eller fiska frå land, kan det ikkje nyttast andre reiskapar enn- handsnøre, fiskestong og liknande handreiskapar
- éi maskindriven jukse eller dorg
- garn med samla lengd på inntil 210 meter
- liner med inntil 300 onglar
- inntil 20 teiner eller ruser.
Desse reiskapsavgrensingane gjeld også når same person eller dei same personane nyttar fleire fartøy.
Departementet kan i forskrift gjere unntak frå føresegnene i første ledd for bruk av landnot. Departementet kan også gjere unntak frå føresegnene i første ledd i særskilte tilfelle der det er nødvendig for å fremme kystkulturformål.Departementet kan i forskrift fastsetje kvantumsavgrensingar, strengare reiskapsavgrensingar eller forbod mot hausting i nærare bestemte område når det er nødvendig av omsyn til ressursforvaltninga.Den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar i medhald av lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst § 5, kan utan omsyn til reglane i første ledd berre drive sportsfiske med handreiskapar. Det er forbode å omsetje fangsten. Departementet kan i forskrift gjere unntak frå første og andre punktum for jakt på kystsel.Departementet kan i forskrift påleggje den som eig eller driv anlegg eller verksemd for sports- og rekreasjonsfiske, eller som for næringsformål legg til rette for slikt fiske, å gje opplysningar til styresmaktene om haustinga. For statistikkformål kan departementet i forskrift også påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske, å gje opplysningar om haustinga. Departementet kan i forskrift fastsetje krav til registrering for å drive verksemd som nemnd i første punktum og gje nærare føresegner om vilkår for slik registrering. Departementet kan i forskrift gje føresegner om at retten til å vere registrert kan kallast tilbake ved grove eller gjentekne brot på vilkåra.Utan omsyn til reiskapsavgrensingane i første ledd, kan departementet i forskrift fastsetje at det kan drivast jakt på kystsel frå land og med fartøy som ikkje er merkeregistrerte. Det kan fastsetjast nærare føresegner om slik jakt.Føresegnene i fjerde og sjette ledd gjeld ikkje på Svalbard eller i fiskevernsona og territorialfarvatnet ved Svalbard.Dei andre føresegnene i eller fastsette i medhald av lova gjeld så langt dei høver.Endra ved lover 31 mai 2013 nr. 24 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 31 mai 2013 nr. 540), 7 mars 2014 nr. 6 (ikr. 7 mars 2014 iflg. res. 7 mars 2014 nr. 254), 16 juni 2017 nr. 73 (ikr. 1 juli 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 747).