EØS-arbeidstakarlova Art 30
å fremje og betre samarbeidet mellom dei offentlege styresmaktene som det gjeld i medlemsstatane, i alle faglege spørsmål i samband med fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar, å utarbeide framgangsmåtar for organiseringa av den felles verksemda til dei offentlege styresmaktene som det gjeld, å lette innsamlinga av opplysningar som kan vere nyttige for Kommisjonen og for gjennomføringa av granskingar og forsking som er fastsett i denne forordninga, og å fremje utvekslinga av opplysningar og røynsler mellom dei administrative organa som det gjeld, å undersøkje på eit fagleg plan korleis dei kriteria som medlemsstatane nyttar for å vurdere situasjonen på arbeidsmarknaden, kan harmoniserast.