EØS-arbeidstakarlova Art 22
å handsame problem i samband med fri rørsle og sysselsetjing innanfor ramma av arbeidsmarknadspolitikken til dei einskilde statane med sikte på samordning av sysselsetjingspolitikken til medlemsstatane på unionsplan, og såleis medverke til å utvikle økonomien deira og skape betre jamvekt på arbeidsmarknaden, å gjere ei allmenn gransking av korleis gjennomføringa av denne forordninga og eventuelle tilleggsføresegner verkar, å sende over til Kommisjonen eventuelle grunngjevne framlegg til endring av denne forordninga, på oppmoding frå Kommisjonen eller på eige initiativ, å gje grunngjevne fråsegner om allmenne eller prinsipielle spørsmål, særleg om utveksling av opplysningar om utviklinga på arbeidsmarknaden, om flyttinga til arbeidstakarane mellom medlemsstatane, om program eller tiltak som fremjar yrkesrettleiing og yrkesretta opplæring og kan leggje tilhøva betre til rette for fri rørsle og sysselsetjing, og om alle former for hjelp til arbeidstakarar og familiane deira, medrekna sosialhjelp og hjelp til bustad.