Bilansvarslova § 17 – 1 (føresegner om trygding mv.)
godkjenning eller registrering av trygdelag, krav til trygdelag, trygdeavtalar m v, plikt for trygdelag til å vera medlem i ein samskipnad av trygdelag (Trafikkforsikringsforeningen) og om samskipnadens verksemd, i kva grad trygding skal gjelda skade som motorvogn gjer i utlandet, og om utreiing av skadebot for slik skade, trygding for utanlandske motorvogner som vert nytta her i riket mellombels, utreiing av skadebot etter § 10, og om korleis slik skadebot skal bytast på trygdelaga, at motorvogn som ikkje skal trygdast, skal reknast som utrygda etter reglane i bilansvarslova § 10, og om attsøkjingsrett for dei trygdelaga som har reidd ut skadebot for slik skade, trygding for motorvogner som blir ført inn til riket utan å vere registrert her, at alle eller sume slag uregistrerte motorvogner skal ha med lovleg trygdeprov når dei vert køyrde eller fråsegsette på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast.