Bilansvarslova § 12 – (attsøkjingsrett for trygdaren)
gjorde skaden med vilje eller i grov aktløyse, eller hadde teke rådvelde over vogna med brotsverk eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste at ho var fråvend rette innehavaren med brotsverk, eller sjølv hadde valda at han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder medan han køyrde vogna og gjorde skade, eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste eller måtte vita at vognføraren var påverka. Dette kravet fell bort i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Regelen i § 7 fjerde leden bokstav b tredje punktumet gjeld tilsvarande.