Våpenlova § 41 – Forskrifter
definisjon av våpen og gjenstandar som er nemnde i denne lova, lova sitt saklege verkeområde, medrekna reglar om når lova skal gjelde for ammunisjon som høyrer inn under Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, unnatak frå våpenlova for skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som skal brukast på boreplattformer, norske skip med vidare, jf. § 4, krav til kontroll av ervervar sin identitet og våpenløyve ved distansehandel med skytevåpen, våpendeler og ammunisjon, jf. §§ 5, 6 og 7, sakshandsamingsreglar for søknad om løyve etter §§ 5, 6 og 7, medrekna utferding av våpenkort og EU sitt våpenpass, kor lenge eit løyve til erverv etter §§ 5 og 6 gjeld, samt unnatak frå løyveplikt etter § 7 første ledd, kva ammunisjon som ikkje er tillaten etter § 7 tredje ledd nr. 3, kor lenge eit løyve for erverv av ammunisjon kan gjelde, jf. § 7 første ledd andre punktum, kva våpen som ikkje er tillatne etter § 8, kva endringar som er nemnde i § 9 som krev løyve frå politiet, vilkår for fritak etter § 10, kva som vert rekna for særskilt behov for erverv av meir enn åtte løyvepliktige skytevåpen til jakt, jf. § 11 første ledd, samt vilkår for fritak etter § 11 tredje ledd, vilkår for godkjenning av samleområde, jf. § 13 første ledd, samt vilkår for erverv av skytevåpen eller våpendelar etter § 13 andre ledd, medrekna krav til historisk eller våpenteknisk grunnlag, ervervsgrunnlag etter § 14 samt krav til opplæring, kva våpentypar som kan ervervast, og det tal løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar etter §§ 5 og 6 som kan ervervast etter § 14, vilkår for fritak frå alderskravet i § 15 andre og tredje ledd og om aldersgrense for å kunne erverve og ha nærare bestemte våpen som ikkje vert rekna for skytevåpen etter § 2, kravet til at søkar må vere skikka etter § 16, erverv av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til juridiske personar, medrekna krav til våpendugleik, jf. § 17, kravet til vandel for juridiske personar, jf. § 17, krav til overlating og lån av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 18, krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, jf. § 19, krav til mellombels oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 20, krav til merking og registrering ved mellombels innførsel av skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 21, løyveplikt for inn- eller utførsel av våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som ikkje er løyve- eller registreringspliktige etter §§ 5, 6 eller 7, jf. §§ 21 og 22, sakshandsamingsreglar for søknad om løyve til inn- eller utførsel av våpen, skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon, jf. § 21 og 22, gjennomføring av § 23, medrekna kravet til løyve for næringsverksemd med gjenstandar som ikkje er løyvepliktige etter §§ 5, 6 eller 7, fritak frå kravet til løyve for godkjente skyttarorganisasjonar sitt sal av ammunisjon, reglar for bytte av dagleg leiar, reglar for overlating av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon mellom personar som har løyve etter § 23, og sakshandsamingsreglar for søknad om løyve, merking etter § 26, tekniske krav for deaktivering samt reglar for kontroll med og dokumentasjon for at skytevåpen er deaktiverte på lovleg måte, jf. § 27, krav for godkjenning av skyttar- eller våpensamlarforeiningar samt vilkår for godkjenning av tekniske reglement og skyteprogram, jf. § 28, politiet sin kontroll med tildelte løyve, medrekna krav til at sportsskyttarar med løyve etter § 12 tredje ledd dokumenterer aktivitet i godkjent skyttarorganisasjon, samt vilkår for å krevje tilkomst til privat bustad, jf. § 30, vilkår for tilbakekall av løyve etter §§ 31 til 33 og pålegg om overlating av skytevåpen etter §§ 31 og 32, gjennomføring av § 36, medrekna reglar om kven som er handsamingsansvarleg, kva for opplysingskategoriar som kan registrerast, kven som har tilgang på opplysingane, informasjonstryggleik og internkontroll, utlevering av opplysingar og klagehandsaming, fastsetting av gebyr, jf. § 37, forholdet til forvaltningsloven, medrekna sakshandsamingsreglar, reglar knytte til intervju og unnatak frå teieplikta, og bruk av automatiserte avgjerder, jf. § 38 første og andre ledd, våpenamnesti, jf. § 40, overgangsreglar etter § 43, medrekna krav ved avhending av skytevåpen som er lovleg deaktiverte før ikraftsetjing av lova her, og reglar for gjennomføring av forboda mot skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som vert forbodne i medhald av § 5 andre ledd nr. 5, § 6 tredje ledd og § 41 nr. 6.