Stadnamnlova § 2 – Definisjonar
stadnamn: namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, reinbeitedistrikt, institusjonar og adresser gardsnamn: namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til bruksnamn: namn på gardsbruk eller annan eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer nedervd stadnamn: stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar nedervd lokal uttale: uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk rettskrivingsprinsipp: allmenne reglar for korleis lydar og lydkombinasjonar skal givast att i skrift