Språklova § 3 – Verkeområde
staten, fylkeskommunane og kommunane andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet.
Første punktum bokstav c og d omfattar ikkje rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.
kommunane sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget intern sakshandsaming.