Privatskolelova § 5-2 – Styret sine oppgåver
sjå til at elevar i opplæringspliktig alder som blir tekne inn ved skolen, får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og melde frå til foreldra og heimkommunen til elevar som over lengre tid ikkje møter fram til undervisninga utan lovleg grunn, fastsetje storleiken på skolepengane og om grunnskolen skal ha ei ordning med graderte skolepengar og reduserte skolepengar til hushaldningar med fleire barn på skolen, vedta budsjett og rekneskap for skolen, fastsetje inntaks- og skolereglar for skolen, fremje saker om pålagt skolebyte etter opplæringslova § 13-2, jf. § 2-4 andre ledd, ha ansvar for at skolen har ei forsvarleg økonomi- og rekneskapsforvaltning, sjå til at offentlege tilskot og skolepengar kjem elevane til gode, sjå til at offentlege krav og føresetnader for verksemda blir oppfylte. sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal sørgje for at lærarar, dagleg leiar og andre tilsette i skolen får høve til å utvikle seg fagleg og pedagogisk så dei kan vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet. tilsetje dagleg leiar. drøfte den årlege rapporten om tilstanden i skolen som er utarbeidd etter § 5-2b.