Matrikkellova § 9 – Kven som kan krevje matrikulering
den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameige som den nye eininga blir delt frå eller oppretta på, den som ved rettskraftig avgjerd ved domstolane er kjent som eigar eller festar, eller er tilkjent rett til å krevje at eit bestemt grunnstykke eller anlegg blir oppretta som eiga matrikkeleining, den som lovleg har overteke grunn eller anlegg ved ekspropriasjon, den som lovleg har etablert, eller fått løyve til å etablere, fast anlegg på eigarlaus sjøgrunn eller i eigarlaus undergrunn, den som med heimel i lov utøver eigarrådvelde over grunnen når ingen har grunnboksheimel til denne, staten, statsføretak, fylkeskommunen eller kommunen når grunnen er tileigna til offentleg veg- eller jernbaneformål, staten eller kommunen dersom forretninga gjeld frådeling av heile teigar, eller når eininga blir delt av kommunegrense, eller den som har innløyst festegrunn etter føresegnene i lov om tomtefeste.
nokon som har gjort det sannsynleg at dei eig, fester eller har del i grunneigedom eller festegrunn, eller staten, fylkeskommune eller kommune.