Plikt til å gje opplysningar og medverke til synfaring(1) Eigedomsskattekontoret kan påleggje eigaren (skattytaren) å gje særskilde opplysningar som trengst til utskriving av eigedomsskatten.(2) Eigar (skattytar) og brukar av ein eigedom har plikt til å medverke til synfaring av eigedomen ved taksering etter § 8 A-3.(3) Eigedomsskattekontoret kan setje frist for å gje opplysningar eller yte medverknad etter nr. 1 og nr. 2. Fristen skal ikkje vere kortare enn fire veker.(4) Ved brot på pliktene etter nr. 1 eller nr. 2 kan eigedomsskattekontoret påleggje eigaren (skattytar) forseinkingsavgift. Avgifta vert sett på grunnlag av eigedomens skattegrunnlag. Avgifta skal vere:- 0,5 promille av skattegrunnlaget når forseinkinga ikkje er over ein månad,
- 1 promille av skattegrunnlaget når forseinkinga er over ein månad.
Avgifta skal ikkje vere lågare enn 200 kroner, og skal når forseinkinga ikkje er over to månader, ikkje vere over 10 000 kroner. Avgifta skal gå til kommunen. Avgift skal ikkje påleggjast når fristoversitjinga er unnskyldeleg på grunn av sjukdom, alderdom, manglande røynsle eller annan grunn.
(5) Eigedomsskattekontoret eller dei som utfører takseringa for kommunen, har rett til å ta fotografi av eigedomen til bruk for takseringa.Endra med lov 22 juni 2012 nr. 44 (f o m skatteåret 2013).