Arkivlova § 2 – Definisjonar
arkiv: dokumentasjon som skal takast vare på i eit avgrensa tidsrom eller for ettertida avlevere: overføre arkiv til langtidsbevaring i ein bevaringsinstitusjon, med den følgja at råderetten går over til bevaringsinstitusjonen bevaringsinstitusjon: institusjon eller organisatorisk eining som tek imot og har ansvar for å langtidsbevare arkiva og gjere dei tilgjengelege for bruk deponere: overføre arkiv mellombels til ein bevaringsinstitusjon, der organ held fram med å ha råderetten over arkiva sine og arkiveigarar held fram med å ha eigedomsretten til privatarkiva sine dokumentasjon: dokument som nemnt i offentleglova § 4 første ledd og annan informasjon som organet sjølv har lagra i informasjonssystema sine, og som gjeld sakshandsaminga, oppgåveløysinga eller andre vesentlege tilhøve ved verksemda informasjonssystem: eit system for å organisere og handtere informasjon kassere: å gjere til inkjes dokumentasjon slik at han ikkje lenger finst organ: verksemder som lova gjeld for, utanom rettssubjekt som berre er omfatta av kapittel 3 privatarkiv: arkiv som er skapt av andre enn eit organ.