Våpenforskrifta § 2-2 – Løyvepliktige endringar i skytevåpen
nedkorting av pipelengde til hagle- kombinasjons- eller riflevåpen til under 40 centimeter, nedkorting av totallengda til hagle- kombinasjons- eller riflevåpen til under 84 centimeter, omgjering av ein pistol eller revolver slik at den kan brukast som tohandsskytevåpen, omgjering av funksjoneringsmåten, omgjering av eit skytevåpen til å kunne bruke våpenmagasin med magasinkapasitet på meir enn fem patroner for haglevåpen, 10 patroner for rifle eller 20 patroner for pistol, eller endringar som gjer at det kan skytast ammunisjon i andre kaliber enn det skytevåpenet er registrert for, med mindre det er gjort unnatak etter andre ledd.