Lov om valutaregulering [valutalova]
valutalova
Denne siden viser Lov om valutaregulering [valutalova] i en brukervennlig struktur med kapitler, paragrafer og stabile lenker til hver bestemmelse.
- Dokumenttype
- Lov
- Dato
- 1950-07-14
- Nummer
- 10
- Kilde
- Lovdata
- Departement
- Finansdepartementet
- Sist importert
- 17. juni 2026
- Sist oppdatert i kilde
- 9. september 2021
- Rettsområde
- Bank, finans og regnskapsrett, Betalingsformidling, Bank, finans og regnskapsrett, Valuta
§ 4egen side
§ 7egen side
§ 8egen side
Innlending: Staten, norsk kommune, person som bur her i landet eller vanleg held til her, dertil selskap, korporasjon, stifting og alleslags andre institusjonar som har sæte her i landet. Kjem det opp tvil om ein person eller institusjon skal reknast for innlending eller utlending, avgjer departementet spørsmålet. Utlending: Person eller institusjon som ikkje er innlending etter det som er sagt ovanfor. Valuta: Betalingsmiddel, verdepapir og krav. Innanlandsk betalingsmiddel: Norske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i norske pengar (setlar og mynt). Gull, sylv, platina og legering som inneheld noko som er noko av slike metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er her i landet.
Utanlandsk betalingsmiddel: Utanlandske pengar (setlar og mynt), veksel, sjekk og anna tilvising eller akkreditiv som gjev rett på oppgjer i utanlandske pengar (setlar og mynt). Gull, sylv, platina og legering som inneheld ein stor part av slike metall (i rå eller tillaga stand), når metallet eller legeringa er i utlandet.
Innanlandsk verdepapir: Aksje, partbrev, obligasjon, omsetnings-skuldbrev, kupong, utbyteprov, livstrygdebrev og dokument som gjev nokon krav på slike papir, t.d. interimskvittering, sertifikat og anna slikt – når ein innlending har gjeve ut papiret. Utanlandsk verdepapir: Papir som er nemnt under VI, når ein utlending har gjeve ut papiret. Innanlandsk krav: Krav på at ein innlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII. Utanlandsk krav: Krav på at ein utlending skal gjeva frå seg betalingsmiddel eller verdepapir som er nemnt under IV-VII.