Forskrift om tomtefeste m.m.
Denne siden viser Forskrift om tomtefeste m.m. i en brukervennlig struktur med kapitler, paragrafer og stabile lenker til hver bestemmelse.
- Dokumenttype
- Forskrift
- Dato
- 2001-06-08
- Nummer
- 570
- Kilde
- Lovdata
- Departement
- Justis- og beredskapsdepartementet
- I kraft
- 2002-01-01
- Sist importert
- 17. juni 2026
- Sist oppdatert i kilde
- 19. oktober 2021
Kapittel I. Festeavgift
§ 1egen side
§ 2. (Innkrevjing av festeavgift på grunnlag av eldre festeavtaler)egen side
Kapittel II. Innløysing og lenging av festetomt
§ 3egen side
§ 4. (Innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom)egen side
eigedomen har eit totalareal på over 100 dekar medrekna festetomtene, eller har fulldyrka jord på meir enn 20 dekar, og inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer meir enn eit årleg minstebeløp, som frå 1. januar 2006 er 15 000 kroner og deretter ved kvart årsskifte blir justert i samsvar med utviklinga i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå, og inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer 5 % eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet. Dersom grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har fått lønn for arbeid med slik drift av eigedomen, eller har deltatt i eit føretak som har hatt inntekt frå slik drift av eigedomen, skal bruttolønna og part av verksemdas driftsresultat som kjem frå slik drift av eigedomen, reknast med i driftsresultatet. Dersom drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk, har inngått i verksemda til eit føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem har deltatt, skal eventuelle netto leigeinntekter for eigedomen frå føretaket til grunneigaren også reknast med i driftsresultatet.
gartneridrift, dyrking av blomar og andre plantevekstar på friland eller under glas, plast og liknande, og dessutan tiltrekking av plantar, pelsdyrnæring, avl og oppdrett til to års alder av hest, og oppstalling av hest, når dette skjer ved utnytting av landbrukseigedomens produksjonsmidlar og hovudsakeleg eigeprodusert fôr, bihald, sagbruk som drivast på eigen gardssag i samband med trevirkeproduksjon frå eiga skog, dersom sagbruksverksemda ikkje blir utøvd som sjølvstendig næring, utnytting og bortleige av jakt- og fiskerettar i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, uttak av jord, sand, stein og torv i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, sanking av bær, konglar, mose, tang, tare og liknande i samband med jord-, skog- eller hagebruk etter første punktum og tredje punktum bokstav a til e, og utføring av tenester for andre med monalege driftsmiddel som hovudsakleg blir nytta i eige jord-, skog- eller hagebruk, eller utleige av slike driftsmiddel, dersom verksemda ikkje blir utøvd som sjølvstendig næring.
§ 5. (Kva som skal følgje med ved innløysing ved punktfeste og i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ei samla plan)egen side
halde oppe grunndisponering som er fastsett i plan for område, og halde oppe skyldnader som festarane har vorte pålagde eller kan påleggjast til opparbeiding eller vedlikehald av fellesanlegg eller til gjennomføring av andre felles tiltak, og halde oppe rådvaldsband over tomtearealet som følgjer av det tidlegare rettshøvet, og fastsetje rett og plikt for innløysaren til å delta i drifta og finansieringa av fellesanlegg og fellestiltak som er etablert i området og som har vore og framleis vil kunne nyttast av innløysaren, og fastsetje slike særrettar som ved innløysing av punktfeste er naudsynte for å halde oppe bruken av bortfestaren sin attverande eigedom, og for at brukarar av den attverande eigedom ikkje skal påførast særskilt tap eller kostnad ved at punktfestet blir ei sjølveigande tomt.